Thursday
Jun062013

Denne heimesida vil etterkvart bli sletta. Oss har fått ny heimeside:

http://vestsidakultur.barnehage.no/ 

 

Thursday
Apr252013

Månadsplan for Mai, Veslestubben er nå lagt ut under bilder og albumet: Månadsplan Veslestubben. Det er to bilete. Fram- og bakside og innvendig del av planen :)

Tuesday
Apr092013

Vi får for tiden ikkje lagt ut bilete på heimesida!

Friday
Feb082013

SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS BARNEHAGEÅRET 2013 / 2014

Søknadsfrist for hovudopptaket for barnehageåret 2013 / 2014 (oppstart 15.08.2013) er 1. mars 2013.

Det er elektronisk barnehagesøknad. Søknadsskjema finn de ved å gå inn på kommunen si heimeside www.nord-fron.kommune.no under fana ”Sjølvbetjening”. Vi oppmoder flest mogleg til å nytte det elektroniske skjemaet.

Dei som ikkje har tilgang til PC, kan få søknadsskjema i papirversjon i kommunen sitt Servicetorg eller i ein barnehage.

Informasjon om alle barnehagane i Nord-Fron finn de på heimesida vår under fana Tenester – Barnehage. Spørsmål om barnehagane ut over det som står på kommunen si heimesida, må rettast til leiar i den enkelte barnehage.

Alle som ikkje har barnehageplass, ønskjer overføring til annan barnehage eller ønskjer utvida plass må levere ny søknad for barnehageåret 2013/2014.

I søknadsskjemaet må det prioriterast 3 ulike barnehagar.

Eventuelle vedlegg til barnehagesøknaden må sendast pr. post.

Skriftleg svar på søknad om barnehageplass etter 1. opptak blir sendt ut frå kommunen i slutten av mars. Kommunen er ikkje ferdig med barnehageopptaket for barnehageåret 2013/2014 før det er gjennomført supplerande opptak (eit 2.-opptak) i april

Lovfesta rett til barnehageplass:

Det er vedtatt lovfesta rett til barnehageplass frå 1. januar 2009 (Lov om endringar i barnehagelova, vedtatt av Stortinget 12.06.2008).

Dette inneber at barn som fyller eitt år innan utgangen av august har rett til plass frå august det året det er søkt om barnehageplass. Det er ein føresetnaden for rett til barnehageplass at det blir søkt innan fristen for hovudopptaket 1. mars (jfr. lov om barnehagar § 12a).

 

Nord-Fron kommune

Tuesday
Dec112012

Barnehagen er stengd frå 24/12 til og med 2/1-12. Fyrste barnehagedag i 2013 er torsdag 3.januar.
(2.januar er det planleggingsdag)

 

Vi ynskjer alle saman go jul og godt nyttår :)